Klimaendringar gjer at grønsaker blir vanskelegare å importere, både i Storbritannia og Noreg

Water

Flaum i Marokko og unormalt kaldt vær i Spania har ført til mangel på grønsaker som tomat, agurk, paprika og salat. Den siste tida har hyller på butikkane i Storbritannia stått tomme, der nokre butikkar har innført rasjonering på ei rekke grønsaker. I ein pressa situasjon merkar også dei norske daglegvarekjeda at det er knapt om grøda. Vil klimarisiko også kunne skape mangel i den norske daglegvarebransjen?

– Det virker som det nå i 2023 er en større modenhet, der bedrifter faktisk anser klima som en reell risiko som påvirker verdikjedene våre, og som vil gjøre det i enda større grad i fremtida. Tidligere var det sånn at hvis vi hadde utfordringer med klimarisiko på en vare, kunne vi løse problemet med å hente varen fra andre land. Det vi ser skjer nå i Storbritannia er at det ikke nødvendigvis hjelper å betale mer eller å jakte etter alternative sourcingland. Det er en reell risiko for at produsentene faktisk kan bli tomme som følge av klimaendringer, seier Bjart Pedersen, fagsjef for berekraftig handel i NorgesGruppen som er medlem i Etisk handel Norge.

Eksportproblem i Spania

Spania er den nest største produsenten av frukt og grønsaker i EU, og på toppen av lista over land Noreg importerer frukt og grønsaker frå. Samtidig er Spania eit land med høg vassrisiko, der to tredjedelar av landet står i fare for ørkenspreiing. Minst 70% av landets ferskvatn blir brukt til jordbruksindustrien.

Dei siste månadane har spanske bønder ikkje nådd sine mål for eksport til Storbritannia og andre land i Nord-Europa. Dette påverkar også leveransen av visse grønsaker til butikkhyllene i Noreg, fortel Pia Gulbrandsen, konserndirektør for kommunikasjon og samfunnskontakt i Bama til Dagsavisen.

– Det har vært store klimautfordringer i Spania denne sesongen. Først var det mye regn, deretter hetebølge, og i januar har det vært minusgrader. Det gjør at vi har hatt en krevende periode, med mindre tilgang på paprika og tomat enn normalt.

Bama sine lange relasjonar med leverandørar fører til at dei i større grad har blitt prioritert i denne grønsakskrisen. Med Noreg sin produksjon av agurk og cherrytomat, vil ikkje mangel på desse grønsakene bli eit langvarig problem med det første, seier Gulbrandsen. På ei anna side vil det mest sannsynleg bli høgare pris på grønsaker, forårsaka av klimaendringar. Til dømes er spansk agurk normalt mykje billigare enn norskprodusert agurk på vinteren. I butikkane har vi den siste tida sett det motsette, der norsk agurk har vore billigare enn den spanske.

CABINDA/ANGOLA - 09JUN2010 - African farmer to watering plantation.

Situasjonen i Marokko er ikkje betre

I følgje grønsaksimportørar i Storbritannia, har grønsaksproduksjon i Marokko blitt svekka av flaum, tung nedbør, kalde temperaturar og innstilte ferjer. Problema byrja i januar, då unormalt kalde netter og mangel på sollys forseinka tomatmodninga. På toppen av dette kom  ferjekanselleringar på grunn av dårleg vær, samt flaum i Souss-dalen nær Agadir, landets kjerne for tomatproduksjon. Commercial manager Ed Bowers i ferskvarebedrifta Burbank Produce fortel til Fresh Produce Journal om usikkerheita som oppstår når klimaendringar påverkar produksjonen. Han seier følgande:

– It’s like boom or bust. You go from having too much product three months ago to having not enough and huge demand. Now you can’t get hold of the product for love nor money.

Som vi har sett påverkar klimaendringane vêrmønster og nedbørsmønster, som videre kan føre til auka sårbarheit i forsyningskjeder vi er vane med å handle frå. I tida framover vil derfor innkjøpspraksis og gode relasjonar til leverandørar visa seg å vera avgjerande for daglegvarebransjen – og for vår tilgang på frukt og grønsaker i butikkhyllane.

Kjelder:

https://www.fruitnet.com/fresh-produce-journal/major-tomato-shortages-as-morocco-faces-perfect-storm/248359.article

https://www.nytimes.com/2023/03/01/business/uk-fruits-vegetables-shortage.html

https://www.dagsavisen.no/nyheter/2023/02/27/faerre-gronnsaker-i-butikkhyllene-det-har-vaert-store-klimautfordringer/

https://www.dw.com/en/water-scarcity-eu-countries-forced-to-restrict-drinking-water-access/a-62363819

 

 

Likte du innholdet?

Del gjerne posten med andre

Lov, grønne anskaffelser, EU grønne deal

CSRD sikrer handling og troverdighet 

Global logistics network. Flat vector illustration. Cargo delivery

Innspill til ny lov om offentlig anskaffelser