22. mars verdas vassdag: To tredjedelar av verdas befolkning vil oppleve mangel på vatn i 2030

Underwater Bubbles

Ein av fire, altså 2 milliardar, manglar trygt drikkevatn i verda melder FN i dag. FN anslår at om lag to tredjedelar av verdas befolkning vil oppleve mangel på vatn i 2030. Mange av desse bur i land og område der det produserast varar til den norske marknaden.

Ei rekke land i verda har i dag høg vassrisiko. Dette førar til problem både for næringsliv og for menneske som blir råka i samfunna der produksjon tar plass. India er eit av landa i verda med ekstrem høg vassrisiko. Fleire av Etisk handel Norge sine medlemmer har viktige leverandørkjeder tilknytt produksjon i landet, blant anna i tekstilindustri. FN markerer vassdagen årleg 22.mars, ved å setta fokus på kor viktig vatn er i leverandørkjeder og for menneskerettane.

 

Ein av fire, altså 2 milliardar, manglar trygt drikkevatn i verda melder FN i dag. Lokal forureining og mangel på vatn er aukande i ei rekke land i verda. Dette påverkar både produsentland, næringsliv og vi som enkeltforbrukarar. Uttapping av grunnvatn, kjemikalieutslepp, mikrofiberforureining og lange tørkeperiodar er berre nokre av risikoområda som påverkar ei rekke leverandørkjeder i dag. FN anslår at om lag to tredjedelar av verdas befolkning vil oppleve mangel på vatn i 2030. Mange av desse bur i land og område kor det produserast varar til den norske marknaden.

Dette skjer i India

India har 18% av verdas befolkning, men berre 4% av verdens ferskvatn-ressursar. Det er eit av de landa i verda med høgast vassmangel. På grunn av overutnytting er det i dag mangel på grunnvatn. Grunnvatn frå brønnar er ein av dei viktigaste vasskjeldene for jordbruk, hushald og drikkevatn både på landet og i byane. I ei samla befolkning på 1,4 milliardar opplever heile 600 millionar menneske i landet ekstrem til høg vassmangel. I byane får dei fleste hushalda berre tilgang til vatn i eit par timar kvar dag, ofte berre nokre få dagar i veka. Dette påverkar i størst grad fattige kvinner og barn, som må bruke både tid og pengar for å sikra vatn til dagleg behov.

Tekstilindustrien i India påverkar vassressursane

  • Tekstilindustrien i India slepp ut giftig avfall som forureinar vasskjelder. Dette, kombinert med industrien sitt store vassforbruk påverkar tilgjengelegheita på reint drikkevatn i omkringliggande samfunn.
  • India er den andre største produsenten av bomull i verda. Produksjonen er blant anna prega av ineffektiv vassforvaltning og bruk av skadelege plantevernmidlar.
  • India er det femte største landet i verda når det gjelder forureining av mikrofiber. Mikrofiber ender ikkje berre opp i fisken vi et, men også i drikkevatn. Dette kan føre til sjukdom og helseplager.

 

Lokal forureining og mangel på vatn er aukande i ei rekke land i verda. Dette påverkar både produsentland, næringsliv og vi som enkeltforbrukarar.

 

Likte du innholdet?

Del gjerne posten med andre

Flags of Israel and Palestine behind the barbed wire

Hvor langt srekker næringslivets ansvar seg i konflikter og krig? Les vår nye veileder

Tranemo

Velkommen til Tranemo Workwear AS som nytt medlem