Underwater splash with bubbles.

22. mars verdas vassdag: To tredjedelar av verdas befolkning vil oppleve mangel på vatn i 2030

Ein av fire, altså 2 milliardar, manglar trygt drikkevatn i verda melder FN i dag. FN anslår at om lag to tredjedelar av verdas befolkning vil oppleve mangel på vatn i 2030. Mange av desse bur i land og område der det produserast varar til den norske marknaden.

Ei rekke land i verda har i dag høg vassrisiko. Dette førar til problem både for næringsliv og for menneske som blir råka i samfunna der produksjon tar plass. India er eit av landa i verda med ekstrem høg vassrisiko. Fleire av Etisk handel Norge sine medlemmer har viktige leverandørkjeder tilknytt produksjon i landet, blant anna i tekstilindustri. FN markerer vassdagen årleg 22.mars, ved å setta fokus på kor viktig vatn er i leverandørkjeder og for menneskerettane.

 

Ein av fire, altså 2 milliardar, manglar trygt drikkevatn i verda melder FN i dag. Lokal forureining og mangel på vatn er aukande i ei rekke land i verda. Dette påverkar både produsentland, næringsliv og vi som enkeltforbrukarar. Uttapping av grunnvatn, kjemikalieutslepp, mikrofiberforureining og lange tørkeperiodar er berre nokre av risikoområda som påverkar ei rekke leverandørkjeder i dag. FN anslår at om lag to tredjedelar av verdas befolkning vil oppleve mangel på vatn i 2030. Mange av desse bur i land og område kor det produserast varar til den norske marknaden.

Dette skjer i India

India har 18% av verdas befolkning, men berre 4% av verdens ferskvatn-ressursar. Det er eit av de landa i verda med høgast vassmangel. På grunn av overutnytting er det i dag mangel på grunnvatn. Grunnvatn frå brønnar er ein av dei viktigaste vasskjeldene for jordbruk, hushald og drikkevatn både på landet og i byane. I ei samla befolkning på 1,4 milliardar opplever heile 600 millionar menneske i landet ekstrem til høg vassmangel. I byane får dei fleste hushalda berre tilgang til vatn i eit par timar kvar dag, ofte berre nokre få dagar i veka. Dette påverkar i størst grad fattige kvinner og barn, som må bruke både tid og pengar for å sikra vatn til dagleg behov.

Tekstilindustrien i India påverkar vassressursane

  • Tekstilindustrien i India slepp ut giftig avfall som forureinar vasskjelder. Dette, kombinert med industrien sitt store vassforbruk påverkar tilgjengelegheita på reint drikkevatn i omkringliggande samfunn.
  • India er den andre største produsenten av bomull i verda. Produksjonen er blant anna prega av ineffektiv vassforvaltning og bruk av skadelege plantevernmidlar.
  • India er det femte største landet i verda når det gjelder forureining av mikrofiber. Mikrofiber ender ikkje berre opp i fisken vi et, men også i drikkevatn. Dette kan føre til sjukdom og helseplager.

 

Lokal forureining og mangel på vatn er aukande i ei rekke land i verda. Dette påverkar både produsentland, næringsliv og vi som enkeltforbrukarar.

 

Samtidig utgjer den indiske tekstilindustrien ein viktig del av landets økonomi. Til dømes utgjer bomullsproduksjon levebrødet til 6 millionar bønder og 40-50 millionar arbeidarar.

Ein av fire, altså 2 milliardar, manglar trygt drikkevatn i verda melder FN i dag. Lokal forureining og mangel på vatn er aukande i ei rekke land i verda. Dette påverkar både produsentland, næringsliv og vi som enkeltforbrukarar. Uttapping av grunnvatn, kjemikalieutslepp, mikrofiberforureining og lange tørkeperiodar er berre nokre av risikoområda som påverkar ei rekke leverandørkjeder i dag. FN anslår at om lag to tredjedelar av verdas befolkning vil oppleve mangel på vatn i 2030. Mange av desse bur i land og område kor det produserast varar til den norske marknaden.

 

God praksis i leverandørkjeder

For å sikra berekraftige leverandørkjeder er det viktig å handtere risiko gjennom grundige aktsomheitsvurderingar. Når bedrifta kjenner si eiga leverandørkjede, vil det væra mogleg å innføra tiltak som kan hindre skade for menneske og miljø. Med ein leverandørkjede som er open for tilsyn vil forbrukarar kunne vite kva påverknad produkta har på blant anna klima og miljø. Samtidig står bedrifter ovanfor spesielt ei stor utfordring når dei skal kartlegge vatn.

– Mangel på data om vassressursar gjer det enda vanskelegare for den enkelte produsenten å handtere vassrisiko i sin produksjon. For å oppnå berekraftig integrert forvaltning, trengs det mange plassar meir data om tilgjengeleg vatn. Sannsynlegvis må dei selskapa som produserer på stader med vassrisiko ta ein økt del av ansvaret for å kartlegge tilgjengeleg vatn, i de områder staten ikkje har ressursar til å utvikle og følgje opp vassmonitoreringssystem. seier seniorrådgivar i Etisk handel Norge Jonas Holmqvist.

Det er ikkje berre i India vi ser store risikoområder knytt til vatn i leverandørkjeder. I følgje UN Water er vassmangel no eit problem på alle kontinent Water Scarcity | UN-Water (unwater.org).Denne veka blir det i New York arrangert UN 2023 Water Conference.  Konferansen vil være ein moglegheit for å samle leiarar i verda saman, og til å mana fram handling for å forbetra vass-situasjonen i verda.

 

 

 

 

 

 

 

Medlemskap

Medlemmer i Etisk handel Norge får tilgang til rådgivning, verktøy og ressurser som hjelper deg med utfordringer knyttet til etisk handel