Initiativ for etisk handel

Jobbar hardt, lenge, og einsformig

Forbrukarinspektørane (FBI) har den siste veka hatt eit prisverdig og viktig fokus på tekstilbransjen, ein arbeidsintensiv bransje dei aller fleste av oss har tett på kroppen til dagleg.

Programmet har minna oss om det mange veit, men ingen helst ikkje vil vita: At nokon jobbar hardt, lenge, og einsformig under helseskadelege forhold for å laga nokre av kleda våre.

Konklusjonen etter det siste programmet er at forbrukaren har særs lite informasjon å forholda seg til, og at det beste rådet for meir berekraft er å handla mindre, men gjerne betala meir. Det ser med andre ord ut til at forbrukaren har ein vanskeleg jobb føre seg.

Interessant nok tek den tyske dokumentaren utgangspunkt i ei kjede – Kik – som er opne om kvar produksjonen finn stad. Dokumentaren tek oss med til verdas jeanshovudstad Xintang, og syner produksjonsforhold som neppe er i tråd med korkje dei etiske retningslinene til kundane, om dei har slike, eller kinesisk lovgjeving for den saks skuld. Opne leverandørlister gjer det mogleg for andre å finne ut kvar produksjonen skjer og såleis sjekke arbeidstilhøva der. I kor stor grad det ogso bidreg til faktiske forbetringar vil tida vise.

For at programmet skal verta noko meir enn ei utriveleg påminning er det på sin plass å peika på kva faktisk kan gjerast for at me kan bruka kleda våre med litt mindre dårleg samvit. Enno fleire bedrifter og importørar må engasjera seg, gjerne med påtrykk frå offentlege og andre store innkjøparar, for å få til forbetringar i arbeidsforhold og miljøhandtering.

Tre sentrale knaggar i dette arbeidet er openheit, fagorganisering og innkjøpspraksis.

For det fyrste må ein vita kven som faktisk produserer varene og korleis vilkåra er der. Med andre ord openheit – mellom leverandør og kunde om arbeidstid, lønsvilkår, HMS og subkontraktering. Openheit til omverda om etiske retningsliner, produksjonsstad, utfordringar og oppfylging.

Den andre knaggen handlar om arbeidarrepresentasjon. Ein velfungerande HMS-komité kan avdekka brannfeller og sørga for utbetringar, kollektive avtalar sikrar arbeidstakarrettane og mange gode produktivitetshevande idear kjem frå arbeidarane sjølve.

Ein av dei kinesiske produsentane understreka at prispresset frå kundane gjorde det tilnærma umogleg å betra arbeidsforhold og å halda tritt med den generelle lønsutviklinga i Guangdong-området. Det gjev seg utslag i at arbeidarane måtte arbeida godt over normalarbeidstida for å oppnå lovfesta minsteløn. Dette dømet tydeleggjer viktigheita av den tredje knaggen, nemleg bedriftene sin innkjøpspraksis, og korleis den kan støtta opp om, eller – ofte utilsikta – motarbeida dei etiske målsetjingane

Særleg i Kina har me sett aukande uro dei siste åra med arbeidaropprør og streikar, og problem med å halda på arbeidarar. Liknande tilstandar ser me i Bangladesh. Det er med andre ord ikkje berre eit moralsk, men ogso eit forretningsmessig argument for sosialt ansvarleg produksjon. Ei undersøking frå 2011 gjennomført av IEH og Synovate syner at forbrukarane meiner ansvaret for at varer er produsert under anstendige forhold ligg hjå næringslivet og styresmaktene.

Kanskje det er på tide at fleire tek dette ansvaret?