Initiativ for etisk handel

Revisjonar åleine løyser lite

Organisasjonskomiteen til OL London, LOCOG, vedtok allereie i 2008 etiske retningsliner for innkjøp som skulle sikra at alle varer som vert brukt under OL er produserte under vilkår i tråd med internasjonale retningsliner og nasjonal lovgjeving i produksjonslandet.

Når det gjeld arbeidstakarrettar refererer LOCOG spesifikt til IEH sin systerorganisasjon ETI, det er med andre ord lite å utsetja på retningslinene, skriv dagleg leiar i IEH, Per N. Bondevik.

 Denne veka lanserte den Hong Kong-baserte organisasjonen SACOM ein rapport som ser på arbeidstilhøva hjå ein av dei fabrikkane som produserer maskotar til London-OL

Og funna er det ingen grunn til å ropa hurra over:

  • Arbeidarane får ikkje kontraktar, minsteløn eller overtidsbetaling
  • Ingen fødselspermisjon
  • Arbeidarane vert instruerte om å lyga til eksterne inspektørar

Ein av arbeidarane seier det slik: “The quality control of Olympic products is demanding. It is very difficult to produce the mascots. There cannot be any flaws. Although they are Olympic products, the unit price is lower than for other products. I am not proud of making the mascots at all.”

Rett før jul omtalte the Guardian liknande tilstandar i leiketøyindustrien

I begge tilhøva handlar det ikkje berre om uakseptable arbeidsvilkår sett i lys av internasjonale konvensjonar og retningslinene til dei vestlege kundane, det er ogso brot på kinesisk arbeidslovgjeving. Dei aktuelle kundane tek som forventa avsløringane med det største alvor, og viser til eigen policy, som leverandørane har slutta seg til, som ikkje aksepterer dei brota som er påviste. Mange av dei (vestlege) selskapa viser vidare til at dei gjennomfører ei rad etiske og sosiale revisjonar, og skal senda eigne eksterne folk for å sjå nærare på saka.

Avsløringane om uverdige arbeidsforhold er diverre ikkje noko nytt og at dette er ein del av globale leverandørkjeder bør ikkje koma som noko stor overrasking. Dette gjeld langt frå berre i Kina, utfordringane er dei same for overarbeidde og underbetalte arbeidarar i mange fleire land enn me likar å tenkja på. Arbeiderar som produserer varer for oss.

Det viktige temaet her er med andre ord kva me i fellesskap kan gjera for å endra dette. Og kva me vil oppnå med ei slik endring.

Er fokuset på å unngå utrivelege avsløringar i det offentlege rom ellerer ambisjonen å bidra til faktiske endringar for arbeidarane?

Flyttinga av produksjon til sokalla lågkostland har som seg hør og bør ført til auka fokus på samfunnsansvar i leverandørkjeda. Stadig fleire vestlege selskap vedtek etiske retningsliner for leverandørkjeda, anten det no skuldast eigen fri vilje eller er eit resultat av avsløringar eller forbrukarkampanjar. I takt med dette har det vakse fram ein ikkje ubetydeleg industri av sosiale revisorar/kontrollørar/inspektørar som skal verifisera at desse retningslinene vert respekterte.

Den omtalte artikkelen i The Guardian set søkelyset på korleis leiketøyindustrien trass sitt tunge fokus på revisjonar og sertifiseringar, i særs liten grad ser ut til å ha vore i stand til å bidra til reelle endringar. Revisjonar kan, i beste fall, identifisera spesifikke brot på etiske retningsliner og slik vera grunnlaget for forbetringar. I verset fall er dei bokstaveleg talt ikkje verdt papiret dei er skrivne på, fordi produsentar i frykt for å missa kundar syner fram nystrigla fabrikkar med velinstruerte arbeidarar til inspektørane. Eller betalar inspektøren for å laga ein fin rapport heime på kontoret sitt. I so fall gjev ikkje berre revisjonane eit falsk bilete av stoda, det inneber ogso heilt bortkasta kostnader for både leverandør og kunde. Med mindre kunden er mest oppteken av å kunna visa fram ein fin rapport, og mindre av kva som faktisk skjer.

For at revisjonar skal kunna bidra til faktisk endring er to ting avgjerande: For det fyrste at revisjonen baserast på dei reelle forholda, og for det andre at funna vert brukt som grunnlag for forbetringstiltak tufta på gjensidig tillit, respekt og samarbeid.

Det fyrste verkar trivielt, men det er heva over ein kvar tvil at det finnast både revisjons-rigga fabrikkar, dobbel og trippel bokføring, kulturframande og hastige inspektørar samt effektive mekanismar for å tømma fabrikken for mindreårige arbeiderar når revisorane ringer på døra.

Nettopp difor har IEH samarbeid om forbetringar som eit av våre mantra. Reelle endringar krev ei balansert tilnærming som omfattar både tilpassing av eigen innkjøpspraksis, styrking av leverandørane på det administrative feltet og bidrag til at arbeidarane får styrka si rolle. Overdriven bruk av revisjonar åleine blir lett kontraproduktivt, som ein del av ein breiare strategi kan det imidlertid bidra positivt.