Initiativ for etisk handel

Skuffande lite handling i handlingsplanen

FN slår fast at næringslivet har eit ansvar for å ikkje medverka til brot på menneskerettane. Den norske handlingsplanen rotar til dette bilete.

Måndag 12. oktober lanserte Utanriksminister Børge Brende våre eigen nasjonale handlingsplan for oppfølging av FN sine rettleiande prinsipp for næringsliv og menneskerettar (UNGP). Handlingsplanen skal gjere det enklare for norske bedrifter å ta desse i bruk.

Dette er ei lansering IEH har sett fram til. Lenge – og med spenning. Både IEH og medlemmene våre har gitt viktige innspel til arbeidet med handlingsplanen. 

Her kan du lese IEHs innspill.  

Utanriksminister Børge Brende presenterte handlingsplanen, med påfølgande kommentarar frå NHO-sjef Kristin Skogen Lund, Synne Homble frå Cermaq og medlem i OECDs kontaktpunkt ‒ og Per Nitter Bondevik, dagleg leiar i IEH.

Skuffande totaloppleving

Med handlingsplanen, lansert rett i etterkant av dei nye bærekraftsmåla, hadde Regjeringa eit glitrande høve til å legga seg sjølve, og norsk næringsliv, i fronten av feltet for integrering av menneskerettar og bærekraft i næringslivet. Handlingsplanen er ingen drivkraft i så måte.

Kudos for samstemtheit i regjeringsapparet

IEH ga i sitt innlegg under lanseringa skryt for at dette er heile regjeringa sin handlingsplan, mellom anna uttrykt ved at det skal opprettast ei tverrdepartemental arbeidsgruppe med ansvar for oppfølging og samstemtheit mellom dei ulike politikkområda. Det er bra at regjeringa arbeider vidare med integrering av menneskerettar i offentlege innkjøp, og IEH støttar styrkinga av informasjons- og rettleiingstenesta både i Norge og ved utanriksstasjonane. 

Men totalopplevinga etter å ha lest rapporten, er dessverre meir skuffande.  

Allereie i føremålet på handlingsplanen snakkast det om at  «næringslivet påtar seg samfunnsansvar». Denne formuleringa skapar usikkerheit. Betyr «påta seg» at næringslivet, eller andre for den del, kan velja sjølve kor vidt dei har eit ansvar for å ikkje bryta andre sine menneskerettar? FN slår fast at næringslivet har eit ansvar for å respektera menneskerettane. Det er underleg at ikkje Regjeringa er like tydeleg. Spørsmålet bør vera korleis selskapa handterer dette, og ikkje om kvar bedrift kan velja å ta ansvaret, eller ei. 

Respekt for eller med hensyn til menneskerettar?

Rekneskapslova stiller krav om at store føretak skal gjera greie for kva dei føretar seg for å «… integrere hensynet til menneskrettigheter m.v.» Eit av IEH sine innspel til handlingsplanen var at «… respekt for» bør erstatta «… hensynet til», for å betre reflektera essensen av UNGP. Handlingsplanen gjer ikkje det, men understrekar tvert i mot at å «ta hensyn» er godt nok. Kvifor det? Respekt for menneskerettane er sjølve næringslivssøyla i UNGP, kvifor vil ikkje Regjeringa legga seg på same line i handlingsplanen for UNGP?  

Handlingplanen sender uklare signal om kor vidt UNGP faktisk gjeld for alle selskap. På den eine sida seier Regjeringa at dei har klare forventningar til at alle selskap er kjent med, og nyttar seg av, FNs rettleiande prinsipp eller OECD sine retningsliner for fleirnasjonale selskap. Samstundes bidreg formuleringar som «Selskaper som bare har virksomhet i Norge vil følgelig i liten grad risikere å bidra til krenkelse av menneskerettigheten dersom lovene følges» til å skapa forvirring. Dette utsagnet kan godt vera tilfellet for ein del verksemder, men me har vanskeleg for å skjøna korleis det kan hevdast på generelt grunnlag. Dei regionale helseføretaka, til dømes, har verksemda si i Noreg, men viktige delar av innkjøpa deira er frå land og sektorar med stor risiko for brot på arbeidstakarrettane.   

Saknar konkrete handlingar

Handlingsplanen har ei fin omtale av FNs sine rettleiande prinsipp, styrking av informasjons- og rettleiingstenesta til næringslivet er bra, både i Noreg og gjennom utanriksstasjonane. Me ser fram til å erfara korleis dette skal omsetjast i konkrete handlingar, noko det er  skuffande få spor av i handlingsplanen. Det store – og inntil vidare – opne spørsmålet: kva skjer med planen vidare? Det er med andre ord eit stykke arbeid som må gjerast for å få dette opp og stå.

IEH og våre medlemmer er klar til å vera med på det, for å sørga for at gapet minskas mellom festtaleambisjonane («Norsk næringsliv er leiande og har menneskerettar i ryggmargen») og realitetane (norsk næringsliv er heile spekteret – frå leiarstjerner, via fylgjarar, minimumsfolket og til dei som ikkje bryr seg.») 

‒ Det er viktig at næringslivet ikkje opplever at dette blir tredd ned over hovudet på dei, men at me i staden kan få fram at det er lønsamt å satsa på samfunnsansvar, sa Børge Brende på lanseringa, og peikte på at over tid er dei mest attraktive selskapa dei som tar menneskerettane på alvor. Det er dei som driv god business og er attraktive arbeidsgjevarar på sikt.

Ja, det er fleire døme blant IEH sine medlemmer som godt kjenner til business-casen ved å ta samfunnsansvar. Men det er ogso basert på ei erkjenning av at  dei har eit ansvar, og at dei har vald å gjera noko med det. Vår erfaring er at bedrifter av alle slag står i fare for å medverka til menneskerettsbrot, og at måten å handtera dette smart og effektivt på både er – og bør vera – tilpassa dei ulike bedriftene.

Det handlar om vilje til konkret handling.