Initiativ for etisk handel

Løn på jorda

Arbeidarar som så langt har måtte satse på å få si løn i himmelen, er no nærare enn nokon gong å få ei anstendig løn på jorda, bloggar dagleg leiar i IEH, Per N. Bondevik, etter FairWage-konferansen i Genève.

Konferansen som gjekk av stabelen i Genève 21. og 22. mai samla avantgarden i arbeidet for anstendige løner: Kampanjeorganisasjonar som Clean Clothes Campaign, Asia Floor Wage og Labor Behind the Label. ILO Better Work var tilstades, det same var store organisasjonar som Oxfam og Unicef. Også bedrifter som Unilever, H&M og Puma var med,  næringslivsinitiativet Business Social Compliance Initiative, samt fleirpartsinitiativa Fair Wear Foundation, Fair Labor Association, Social Accountability International. Og sist, men ikkje minst, IEH.

Namedropping? Kanskje det, men i alle høve er det viktig å få fram at denne heller beskjedne konferansen samla sentrale aktørar i arbeidet for anstendige lønsvilkår. Det var inspirerande å læra meir om konkrete verktøy og tiltak. Det var motiverande å merka viljen til samarbeid. Og det var betryggande å konkludera med at det heile kokar ned til tre ting: openheit, forretningspraksis og fagorganisering.  Det betyr at det er gode moglegheiter for samarbeid, felles innsats og konkrete handlingar heilt i tråd med IEH si tilnærming til etisk handel.

Konferansen var todelt: Den fyrste dagen var reservert for samarbeidsinitiativa og sivilsamfunnet, med ferske presentasjonar av verkty og studiar, og friske diskusjonar av både normativ og teknisk art. Det overraskar vel ingen at Clean Clothes Campaign gav klart utrykk for at fleirpartsinitiativa bør stilla strengare krav til sine medlemmer. Eller at ILO Better Work har (heving av) lovbestemt minsteløn som eit sentralt fokus. Sjølv om det ikkje finnast nokon felles konsensus eller definisjon av levelønsnivå, er det stor semje om at det i mange asiatiske land manglar til dels mykje på at minsteløna er til å leve av. I Vietnam meiner til dømes  40 prosent av arbeidarane at 60 timars arbeidsveke ikkje er nok til å dekke grunnleggande behov. Dei opplever altså at dei ikkje blir betalt ei leveløn sjølv med ti timars arbeid seks dagar i veka.

Konferansen sette også fokus på at mange av arbeidarane er lite opplyste om kva rettar dei har. Dei er ikkje organiserte og har ikkje reelle moglegheiter til å kunne forhandle om løn og arbeidsforhold. Fleirtalet av arbeidarane veit ikkje eingong kva minstelønsnivået er. Sosiale revisjonar har synt seg utilstrekkelege i arbeidet for å heve lønsnivået, både fordi dei altfor ofte ikkje maktar å fanga opp dei faktiske forholda, og fordi ei kartlegging i seg sjølv ikkje løyser problemet.

Deprimert no? Fortvil ikkje, det var både lyspunkt, og lærdomar å ta med seg heim frå konferansen:

Det FINNAST gode verktøy for å analysera faktisk løn og samanlikna desse med levelønsutrekningane til kampanjeorganisasjonen Asia Floor Wage. IEH sin samarbeidspartnar Fair Wage Foundation arbeider med kalkylar for utrekning av kostnadene ved  å heva løna frå dagens nivå til eit levelønsnivå.  FairWageApproach er eit anna verktøy som ser på totaliteten i lønsvilkåra, både løn, forsikringar, bu-vilkår m.m.  Eit viktig fellestrekk for begge desse tilnærmingane er at involvering av arbeidarane står heilt sentralt for å sikra at det vert meir enn ei rein kartleggingsøving. Viktig, og vanskeleg. Men ein kjem ikkje utanom det faktum at det er det låge lønsnivået til tekstilarbeidarane som er årsaka til dei billege kleda vi går i. Altfor mange arbeidarar betalar prisen for våre rimelege varer. Fakta er at auka lønsnivå ikkje treng å gje store utslag i pris til forbrukar, men her trengs det meir kunnskap om ulike bransjar og produkt. Og felles innsats. Innkjøparar må vera viljuge til å ta sin del av kostnadene ved auka lønsnivå. Innkjøparar kan velje å endra normale prisingsmekanismar ved å ikkje legga påslag på auka FOB-pris som følgje av lønsvekst. Myndigheitene og lokale styresmakter har ansvar for lovregulering og ansvar for at denne vert respektert. Og på dette området manglar det mykje.

Alle, i det minste dei eg kjenner, er samde om at det må gå an å leva av inntekta frå eit fulltids arbeid. Ogso i tekstilbransjen. Nivået på leveløn er ein debatt som neppe har to strekar under svaret, og det kan synast komplisert all den tid bedriftene «våre» kjøper varer og ikkje betalar løn direkte til arbeidarane. Og det er stort underskott på fungerande fagorganisasjonar. Men det er framleis mykje me faktisk kan gjera. På konferansen kome det tydeleg fram at målet er innan rekkevidde når kloke hovud tenkjer saman. Dei beste viser vegen vidare, og IEH er med.

Per