Initiativ for etisk handel

Gratulerar med dagen, eller?

Det er langt frå Noreg til Bangladesh - ogso på 1. mai. Saman kan me gjera avstanden mindre.

Kondolerer Gratulerer med dagen, Bangladesh!

Kjære alle saman.

Kjære alle dykk som overlevde då arbeidsplassen raste saman over dykk, kjære alle dykk som mista over 400 kollegaer, vener, familie, kjære alle dykk som tek til gatene for å uttrykke sorg og sinne: På vegne av Initiativ for Etisk Handel i Noreg og våre over 120 medlemmer: Kondolerer Gratulerer til dykk alle på den internasjonale solidaritetsdagen!

Sjølv om arbeidarar i Bangladesh ogso markerer 1.mai, som her i Noreg, er kontrastane i kva ein har oppnådd av rettar og plikter i arbeidslivet enorme. I Noreg kan me klappe kvarandre på skuldra og feire at arbeid har gjeve oss fridom, fellesskap, stoltheit og utvikling. Aldri før har fleire vore i arbeid. Så gratulerer til oss!  

Men i dag feirar me rettar som ikkje trygga dykk den fatale dagen, Bangladesh. Det var mange som svikta, både fabrikkeigar som ignorerte faresignala og bangladeshiske styresmakter som prøvar å bortforklart den samanraste bygningen som ”ei tragisk ulukke” . Mange av dykk tener til livets opphald ved å sy kle til oss her i vesten. Difor har me også eit ansvar.

Initiativ for Etisk handel (IEH) er ein medlemsorganisasjon for bedrifter som ynskjer å fremje etisk handel. Medlemmane har eit ynskje om å fremje menneskerettar, arbeidstakarrettar, utvikling og miljø, og IEH har ressursar som dei kan ta i bruk.  Me har fleire medlemmar i tekstilindustrien. Så langt ser det ikkje ut som våre medlemmer handla ved Ether Tex-fabrikken, men det gjer ikkje saka mindre tragisk. Det fritek oss heller ikkje frå ansvar for å gjera vårt for at slikt ikkje skal skje på ny. Her må alle krefter stå saman for å sikra dei grunnleggande rettane til dei som syr kleda våre. Fordi dei fortener det.

Dette ansvaret vil fleire av oss vere med å ta. Me ser at norske forbrukarar har engasjert seg for arbeidarane. Gjennom Fremtiden i Våre Hender si kampanje ”Vreng Kleskjedene” har fleire tusen skrive under på at dei ynskjer meir informasjon om arbeidstilhøva på fabrikkane. Fleire bedrifter, som Varner Gruppen, H&M og Moods of Norway har i møtekome dette kravet frå forbrukarane ved å offentleggjere fabrikklistene sine.

Så kva meir kan forbrukarar gjere i solidaritet med arbeidarane i Bangladesh? IEH meiner at kvar og ein av oss kan, og bør, bruke stemma på vår eigen arbeidsplass. Dei fleste bedrifter, organisasjonar og offentlege verksemder gjer større eller mindre innkjøp, og her kan ein som arbeidstakar spørje arbeidsgjevar kva krav som vert sette til leverandørar. Me meiner nemleg at den einskilde kan ha stor innverknad på slike enkle, men utradisjonelle måtar. Ein klassisk forbrukarboikott av bangladeshiske varer meiner me ikkje er vegen å gå. Det siste arbeidarane i Bangladesh treng er at ingen kjøper varene deira. Arbeidsløyse er ikkje eit godt alternativ til dårleg betalt arbeid.

IEH meiner svaret ligg i samarbeid, heller enn i konfrontasjon og utestenging. Ja, samarbeid. Dette oppbrukte ordet. Men me kjem ikkje utanom. IEH kan syne til fleire konkrete døme på vellukka samarbeid mellom styresmakter, bedrifter og arbeidstakarorganisasjonar som har hatt banebrytande konsekvensar. Ta til dømes IEH- medlemmen BAMA. Over fleire år har Bama arbeidd med å få arbeidslivspartar på bananplantasjar i Costa Rica til å setje seg rundt same forhandlingsbord og signere kollektive avtalar. Ved å sjå mogelegheiter der andre har sett historiske avgrensingar, har dei ført saman folk som ikkje har utveksla eit ord på 80 år. For dette vart Bama nyleg kåra til årets etiske ildsjel.

Det Bama greidde var å få styresmakter med på laget, både på Costa Rica og i Noreg. For me meiner styresmakter må med for å oppnå varige forbetringar.

I Noreg har 1. mai vore ein offentleg høgtidsdag og ein lovfesta fridag i 66 år. I løpet av denne tida har norske styresmakter, arbeidsgjevarar og arbeidstakarar saman utvikla grunnpilarar for det norske arbeidslivet, grunnpilarar for det norske samfunnet. IEH håpar og trur at norske bedrifter vil ta desse verdiane om samarbeid med seg vidare til nye produksjonsland, nye leverandørar, nye fabrikkar. IEH har ressursane, dersom norske bedrifter har viljen.

Så kjære Bangladesh;

Denne tragedien understrekar korleis store infrastrukturar i global handel er med å forsterke den utrygge arbeidskvardagen for mange bangladesharar. IEH er i tett dialog med våre systerorganisasjonar i Danmark, Storbritannia og Nederland for å sjå korleis me saman med andre viktige aktørar i fagrørsla, FN-systemet og på politisk plan både lokalt og internasjonalt kan bidra til å sikre anstendige og berekraftige vilkår for arbeidarane i Bangladesh. Eit felles løft av vestlege selskap, bangladeshiske styresmakter og nasjonale fabrikkeigarar må til. Sterk involvering av fagrørsla og arbeidarane er det som kan sikre at de slepp å oppleva ei slik tragedie på ny.

Takk for merksemda.   

Per N. Bondevik, dagleg leiar i IEH Noreg