Initiativ for etisk handel

BAMA er årets etiske ildsjel 2013

BAMAs konserndirektør Øyvind Briså og CSR-ansvarlig Magne Svartbekk vart tildelt prisen ”Årets etiske ildsjel 2013” under Initiativ for etisk handel (IEH) sitt årsmøte på Litteraturhuset 24. april.

Juryen framheva prisvinnarane sitt langsiktige og målretta arbeid med å legge til rette for sosial dialog og kollektive avtalar i leverandørleddet. -Det høyrest ikkje så sexy ut, men det osar av resultat, seier juryleiar Hilde Vanvik.

BAMA har vore medlem av IEH sidan 2002, og Briså og Svartbekk har vore nøkkelpersonar i bedrifta sitt arbeid med samfunnsansvar omtrent like lenge. Over fleire år har dei arbeidd med å få arbeidslivspartar på bananplantasjar i Costa Rica til å setje seg rundt same forhandlingsbord og signere kollektive avtalar. Ved å sjå mogelegheiter der andre har sett historiske avgrensingar har team Briså/Svartbekk ført saman folk som ikkje har utveksla eit ord på 80 år.

Involverer alle partar

Juryen framhevar i si grunngjeving prisvinnarane sitt målretta arbeid med å involvere alle partane i arbeidslivet i dialog og samarbeid. Vinnarane har meint at det er partane sjølve som best er i stand til å ivareta rettar og plikter i arbeidslivet.

-Årets prisvinnarar er smarte og tek utradisjonelle metodar i bruk, som til dømes å byggje skular for å fremje tillit. Dette bør inspirere andre, seier juryleiar Vanvik.

Enkel suksessformel

Briså og Svartbekk skildrar arbeidsmåten sin som enkel, lite ressurskrevjande og kobla opp mot den daglege drifta. Denne enkle suksessformelen har blitt lagt merke til og prisvinnarane takkar mellom andre IEH for å ha hjelpt til med å spreie BAMA-modellen.

- Takka vere samarbeid med IEH, Virke, LO, Utanriksdepartementet og andre aktørar har fleire fått auga opp for arbeidsmåten vår og BAMA-modellen, seier Briså og Svartbekk.

Anerkjent

Og BAMA vert absolutt lagt merke til, også internasjonalt. I 2012 fekk BAMA utmerkinga ”highly recommended” under utdelinga av Ethical Corporation Reward. Også ILO, styresmakter, multinasjonale bedrifter og tradisjonelt kritiske røyster snakkar varmt om kva BAMA har oppnådd takka vere Briså og Svartbekk sin innsats.

Vinnarane var ikkje tilstades under utdelinga på Litteraturhuset, men der dei likar best å vera - på arbeid i Sør Amerika. Dei seier i ei melding at dei set stor pris på at BAMAs arbeidsmåte vert verdsett av IEH. Dei framhevar at utfordringane framleis er mange, men at dei ser konkrete resultat av det langsiktige arbeidet.

-Eldsjelene sin interessante ambisjon er å vere best på kort sikt og god på lang sikt. Med Piet Heins visdomsord Ting Tar Tid vonar me  at prisen vil inspirere mange til å la dei gå frå best til god,  seier juryleiar Vanvik.